søndag 25. juni 2017

Sommar og skulefri



Endeleg er sommaren komen, i allefall på kalendaren. Litt vel kaldt etter min smak. Sommar, smak på ordet. Vi gler oss gjennom heile året etter denne årstida. Lyse netter og mange muligheiter. Eg har ikkje ferie enno, ei lita veke til så er vi der. Då håpar eg å få lese masse. Har leitt fram mange bøker, mest faglitteratur hittil. Skal lese bøker av Peder Haug, Jan Spurkeland og Erling Roland. I tillegg skal eg ta meg tid til å lage kort. Kjenner det er lenge sidan sist, så må sjekke mange bloggar for inspirasjon. Har prøvd meg på ulike teknikkar, har laga sunburstkort, shabby chic og cas. God blande. Trur eg likar å lage ulike typer og har ikkje berre ein stil. Dessutan likar eg godt ulike bretteteknikkar. Trur det kan bli ein bra sommar.
Eg skal også ete mykje vannmelon og jordbær. Når jordbæra frå Valldal kjem i butikkane, då er det sommar. Uansett temperatur.


Rubber Dance: Summer holidays
Kort'o'mania: Bruk forskjellige ting (til pynt)
A gem of a challenge: Summer colours
Everybody art challenge: Happy Birthday
Papirlosjen: Inspirasjonsbilete med Happy Birthday
Corrosive: Anything goes
Kaboks: Vi feirer sommeren
Allsorts: Flower power
Sweet stamping challenge: Lots of layers
Sketch Saturday: skisse #469
Simon's Wednesday challenge: Use patterned paper
Simon's Monday Challenge: Lets take a Vacation

fredag 23. juni 2017

Bryllaup

Sommartid er bryllaupstid. Har laga eit kort med blomster og vakker tekst. Ideen til kortet fekk eg på Maja design sine sider.



I år skal eg ikkje i bryllaup, men i fjor var vi i Spania. Der feira vi i nærleiken av vakre Altea.



Papirplaneten: Bryllaup + blonde/band
Papirlosjen: Inspirasjonsbilete med bobler, roser
Corrosive challenge: Anything goes
Kort' o 'mania: Bruk forskjellige ting til pynt
MAWT: English country garden
The flower challenge: Anything goes
Scrap and craft: Anything goes



CAS

...står for Clean And Simple. Høyrest ut som ein god ide, men kan det vere så enkelt? Gjekk nokre runder med meg sjølv, men vart ikkje einig. Har aldri prøvd denne teknikken, så dette må eg forske litt på.

Grunnen til at eg prøvde meg på eit slikt kort, var at eg kom over ein utfordringsblogg med nokre stempel av hus. Dette var tema for veka. Tenkte at dette kunne eg prøve. Leitte gjennom stempela mine og fann dette motivet av Tim Holtz. Teksta er frå samme plata.

CASology: House