tirsdag 30. mai 2017

We all need..

.. a bit of sunburst.
Det har vore mykje fint vêr her og det gjer godt for både kropp og sjel. Det er noko med sol, det gir energi på ein mindre god dag.
Fekk lyst å lage eit Sunburst-kort som eg har sett fleire har laga. Trudde det var veldig avansert, men det var veldig enkelt og veldig kjekt. Papira eg har valt minner ikkje mykje om sol, men eg var på jakt etter papir som matcha. Denne blokka låg lagleg til og eg tenkte det kunne bli kult.


Framgangsmåten fann eg på YouTube - det ein ikkje finn der, finn ein ikkje. Synest tråden bak motivet blei kult. Eg tok scrappers floss over ei svart Distress ink pute, slik at den vart svart. Då den hadde tørka, drog eg tråden gjennom litt glitterlim som eg hadde hatt på ein liten bit plastikk. Veldig fin glimmereffekt. Dessverre kjem det ikkje fram på dette biletet.

Kort o Mania: Utfordre deg selv
The Corrosive Challenge Blog: Anything goes

fredag 19. mai 2017

17.mai er vi så gla' i


17.mai var heilt fantastisk. Eit nydeleg vêr heile dagen. Kjekt både for unge og gamle i finkle, som slapp å vere redde for å bli våte.


I år har vi både rosaruss og raudruss i familien.


 Tradisjonen tru, gjekk toget frå Tuftene kl. 09.30. Heller ikkje i år hadde vi korps, men det fungerte fint med stereo bak ein bil. Og tradisjonen tru 2 - toget gjekk så fort at fleire hadde problem med å henge med.


 Etter at vi hadde gått i tog, var heile familien heim til oss på lunsj. Alle hadde med seg noko godt å ete, så vi fekk eit flott koldtbord.
Foreldra til russane hadde bestilt russehattkake, den var både flott og god. Den er frå Ritas matverden.



 Etter lunsjen var vi på skulen, der det var leikar og folkefest. Heldigvis har vi eit korps på gang igjen og dei var blitt veldig flinke.
 Vi slutta av nasjonaldagen med å gå på Øyrahornet, som ligg rett bak huset vårt. Synest vi fortente nokre bobler i det vi nådde toppen. Ei fantastisk utsikt var også ei belønning.



søndag 14. mai 2017

Gjenbruk



Då eg fyrst starta å scrappe, var det ein blogg som eg meiner heiter Scrappemania. Dei hadde ein tutorial på dorullkort. Dette synest eg var så kjekt at eg har laga mange versjonar av dei seinare. Ein tek enkelt og greitt ei dorullhylse og brettar den flat, legg på papir og pyntar. Fin måte å bruke litt restepapir. Pyntinga kan ein gjere så enkel eller avansert som ein vil. Eg vel ofte enkel.




Nordsalten: Nytt liv eller resirkulert
Scrapomania: Alt er lov

Grønt kort for konfirmanten



Her har eg laga eit konfirmasjonskort til ei jente som skulle ha grønt, kvitt og sølv som bordpynt. Som de kanskje forstår, er ho glad i songen 'Imagine'. Blomster er ikkje mi greie, så eg måtte sjå snuttar på You Tube for å få litt idear. Synest eigentleg det vart fint.

Hobbygarasjen: Blomster
Kreativ scrapping: Vår
Papirlosjen: Blomster
Papirplaneten: Kom mai du skjønne,milde
Crafty calendar: Flowers
Allsorts: Ring a ring o'roses


lørdag 13. mai 2017

Konfirmasjonstid


Det er stort sett berre konfirmasjonskort det går i for tida. Synest det er kjekt, både fordi det er så mange fine mønsterpapir og så mange flotte ungdommar som skal få desse korta.
Eg har laga kort til nokre fotballfans, les Liverpool. Kjekt å lage kort når eg veit litt om dei som skal ha dei.  Laga to like kort, med ørliten variasjon.



 Eg har varmeembossa bokstavane og eine fotballen - synest det gir kul effekt.



Verset fann eg på Pinterest. Uansett tilhøyrigheit, er dette eit flott vers.


Kortomania: Lag på lag
Everybody art challenge: Card with photo
Hjerteboden: Flagg, vimpler, banner
Scrappelyst: Feiring

torsdag 11. mai 2017

Musikk til konfirmanten




Eg har laga eit kort til ein konfirmant som er interessert i musikk. Tok inspirasjon frå Linda på Papirdesign sine enkle foldekort. Greitt å lage litt ulike typer. Har brukt ulike dies og kule papir frå Papirdesign. Inne i kortet er der ei lita lomme til å legge ei pengegåve.

Elles går dagane med til jobb og studie, så det er ikkje snakk om noko roleg liv før ut i juni.

Allsorts: Music
Scrap from your heart: Konfirmasjon
Korthobby: Alt er lov + Metall (gitaren finn du her)

mandag 1. mai 2017

Bloggpause over?

Neppe, men det var veldig kjekt å sjå igjen korta eg har laga og å besøkje dei eg har på blogglista mi. Utruleg mykje fint som blir laga. Eg er skikkeleg ute av trening i å lage kort, så eg har tråla bloggar og Pinterest for inspirasjon. Kjenner at det var greitt å ha nokon å herme etter no i starten.
Såg eit veldig kult kort på ein blogg, men hugsar ikkje kven sin. Ho hadde laga eit kort med stjerneborde - veldig stilig. Eg har ikkje slik, så måtte ty til heimesnikra metoder. Det gjekk bra det.
Eg hiv meg med Papirdesign si utfordring no på tampen, likar utruleg godt produkta deira og er stort sett det eg har kjøpt no i omgang to.