mandag 15. august 2011

Klar til skulestart?

Kvardagen har innhenta meg. Tilbake på jobb med alt det fører med seg. Veldig kjekt, men med lite overskudd til noko kreativt når ein kjem heim. Slik skal det kanskje vere rundt skulestart?
I dag starta lærarane på skulen vår - kjekt å treffe alle og starte planlegginga av det komande skuleåret.

Nokre som sikkert er klare til skulestart er alle dei som skal ta til i fyrsteklasse. Med ny ransel og penal strøymer dei til skulane denne veka. Eg gler meg til å treffe dei som skal starte hjå oss. 

  

Som eg skreiv tidlegare i sommar, så fekk fadderguten min ein sekk frå Nille for å teste denne ut. Han hadde den med på ferie for å sjå om den var noko tess.
Det fyrste han sa var at han likte ranselen kjempegodt. Den vart prøvd på alle mogelege vis. Det var lett å justere stroppene til å passe. Sekken var god å ha på, spesielt med festinga rundt magen.
Ein kan sjølvsagt ikkje seie noko om kvaliteten før den har blitt prøvd på skikkeleg eit års tid, men slik det ser ut no er dette ein super sekk til halve prisen av dei 'etablerte' merka. Og så er denne sekkel veldig kul då.,

Vi kan med dette anbefale denne sekken, både til dei som skal ta til på skule og til dei eldste barna i barnehagen. Super tursekk. 

I morgon skal eg på kurs i klasseleiing - alltid like aktuelt. Eg gler meg.

lørdag 6. august 2011

Bloggers challenge


Eg kom over denne utfordringa gjennom Lisa Somerville sin blogg. Ho er ei veldig dyktig dame som gir mykje inspirasjon til min nyprøvde stil. Denne veka har dei ei fargeutfordring - grøn, lilla, brun. Eg brukte kortet på Lisa sin blogg som inspirasjon og laga dette kortet. Papiret er Basic Grey, resten er produkt av Tim Holtz. 

I came over this challenge through Lisa Somerville's blog. She is a very talented lady who give loads of inspiration to my new style. This week they have a colour challenge - green, brown, lilac/purple. I used Lisa's card as an inspiration and made this card. The paper is Basic Grey, the rest is Tim Holtz.


Har brukt Rock Candy på fleire av elementa - likar veldig godt den effekten den gir. Her smurte eg og inn med ink etterpå.
 Ser nesten litt ut som lær synest eg.

I have used Rock Candy on several of the elements - I love the effect it gives. On this piece I also rubbed distress ink on top.
I think it looks almost like leather,


Dei ulike tannhjula er stansa ut av ei Sizzix plate på Cuttlebug. Ja, det gjekk veldig greitt.

The different gears are cut using a Sizzix-die using my Cuttlebug. Yes, it went just fine.







Eg deltek i desse utfordringane med dette kortet:
I take part in these challenges:

Bloggers challenge: Colours ( brown, green, lilac / purple)
Kort o'mania: sitat, ordtak e.l.
Papertake weekly: Anything goes, extra: metal

torsdag 4. august 2011

10-års bryllaupsdag

For litt sidan hadde mannen min og eg 10-års bryllaupsdag. Eg laga då dette kortet / tagen til han. Har ikkje prøvd meg så mykje på Tim Holtz sine teknikkar før - dette var andre forsøk. Eg prøvde forskjellige teknikkar. Eg nytta distress ink til bakgrunn. Så stempla eg 'Love' og fargela med Perfect Pearls. Deretter bløytte eg det og tørka med 'føne'. Eg synest det kom litt mykje vatn på, slik at det rann for mykje ut. Never mind. Deretter stempla eg med ulike stempel - alt Tim Holtz. 

A little while ago, my husband and me celebrated our 10th wedding anniversary. I made this tag for him. I haven't tried any of Tim Holtz's techniques before - this was my second attempt. I tried various techniques. I used distress ink for my background. Then I stamped 'Love' and coloured it with Perfect Pearls. Then I wet the tag and used my fan to dry it. I thought it came a bit too much water on, but never mind. Thereafter I stamp various stamps on - all Tim Holtz.



Bokstavane, som er grundeboard, mala eg med distress og hadde på Rock Candy. Der kom nokre sprekker, men dei viser ikkje så godt på biletet.
Det var kjempekjekt å halde på med desse teknikkane - det kjem heilt sikkert fleire tag'ar herifrå.


The letters, which are Grundgeboard, I painted with distress and put on Rock Candy. It came a few cracks, but it doesn't show too well on the photo.
It was great to work with these techniques - I am sure to make more tags.



Min andre halvdel var i allefall nøgd med kortet han fekk.

My other half was very pleased with his card.


Eg tek del i desse utfordringane:

I take part in these challenges:

Papertake Weekly: Anything goes, optional: metal



Eg fekk nydelege roser også - synest det er så herleg når dei luktar så godt.



Ungane våre er sjølvutnevnte gjestar når vi feirar bryllaupsdag. Dei har også bestemt menyen som er den same kvart år - kongekrabbe.
Fyrst litt feiring - dette fekk ungane ikkje smake på:-)




Beste middagen ein kan få, i fylgje han her.



Jordbær og ei kake av sjokoladekjeks som eg har fått frå ei venninne frå Polen.
Top happy!


Kvar sommar prøver vi å besøkje ein ny by, berre mannen min og eg. I år vart det København sidan vi var i Danmark allereie.


Vi tok ein kringsjåbuss (sightseeing) slik at vi skulle få med oss ein del attraksjonar. Elles brukte vi mykje av tida på det det kulinariske har å by på.










Overalt i København var det plassert elefantar dekorert av div personar. Synest denne var ekstra fin.
Vi stod lenge og skulle ta bilete av den, men ein gjeng damer ynskte og å bli foreviga saman med den og dei vart aaaaaldri ferdige.


Vi budde på Hotel Alexandra i Hans Chr Andersen's Boulevard. Eit stileg hotel med små rom, men veldig sentralt beliggande. 



Her kosar vi oss i sola i Nynavn.



Måtte berre ha eit bilete av dette skiltet - sikkert bra for single damer å spise her;-)



Ein fantastisk frukost med middelhavspreg på RizRaz i nærleiken av Strøget.


Sånn flaskehaldar vil eg også ha - stilig!



Det var mykje omkøyringar i trafikken - sikkert etter flaumen. Då vi kom ville GPS'en at vi skulle køyre inn her...


Eine kvelden var vi på spansk restaurant, Biscaya Tapas Bar, og åt, ja, tapas! Super mat.
Vi vart og anbefalt ein restaurant som heiter Geist. Vi fekk bord i baren der ein kan sjå på at maten vert laga. Ein stilig restaurant, med god mat og super sørvis. 
Til forrett hadde vi 'Foie gras of duck and cocoa'. Dette skal vere svære greier, men eg må innrømme at det vart altfor kraftig for meg. Greitt å ha prøvd det, men det blir med denne eine gongen. Den andre forretten var scallops og det er no godt. 
Til hovudrett var det det som ein kan sjå på biletet under, 'Suckling pig and baked cauliflower'. Blomkålet er den brune flekken - denne retten var fantastisk god. 

Det var også 'Duck, redcurrant and carrots'. 
Sånn er det å ete på flott restaurant.
Til dessert hadde vi div. ost - det var det beste med heile måltidet!


Så fekk vi sukkerspinn med på kjøpet. Ein oppleving av ein restaurant og det er akkurat det vi ynskte: opplevingar. Det er det vi hugsar.





Bingo

k

Magnolia down under har ei utfordring som heiter 'Bingo' denne veka. Eg har valt ut 'Flowers, pearl and lace'.
Dette er eit kort som eg kosa meg med når eg laga det. Brukte papir frå Prima - veldig fine. Eg stempla med Tim Holtz stempel her og der. 
Utfordringa kom når eg skulle til å pynte med blomster. Eg er ikkje spesielt 'pyntete',men kom no i mål til slutt.


Eg har nytta skissa til Oldie but a goodie. Stempelet er ein oldie - frå i fjor eller året før. Eg har maskert to stempel - jordbæret og Magnoliajenta.