tirsdag 22. mars 2011

Enda eit konfirmantkort

Her kjem det andre konfirmasjonskortet som eg laga. Ganske likt det fyrste i papir og fargar, men med anna motiv. Eg nytta skissa som Lily of the Valley har. Motivet er også deira.

'That's just so cute' har ei fargeutfordring no - 'Kvit, brun og grøn'. Synest det var så mykje av desse fargane på kortet at eg tek sjansen.

Konfirmantkort


I helga begynte eg på konfirmantkorta. Det var kjekt å lage 'gutakort' og eg synest dei vart ganske fine. Her kjem det fyrste. Skissa er frå 'Sketch Saturday'. Elles er motiv og papir dei samme som på bursdagskortet eg laga til Matthew.

mandag 21. mars 2011

Matthew 11 år

Sonen i huset fyller 11 år på torsdag. Sidan han har fått ei interesse for skating, hadde eg lyst til å lage eit kort med dette temaet. Hjå Unik Hobby fann eg både stempel og passande papir. Eg trur han blir nøgd med kortet sitt.




Simon Says Stamp har 'Happy Birthday' til utfordring - eg tek del på den.
Utfordringa til 'Truly Scrumptious' er 'Tag it' og sidan eg har ein tag hiv eg meg med på den og.

søndag 13. mars 2011

Steve 40 år

Mannen min,Steve, fylte 40 år i oktober. Eg hadde lyst å lage eit stili' kort til han, men enda opp med ei boks. Eg brukte malen som Marianne har brukt til telys, men eg hadde hjertesjokolade i denne;-)
Papira er Tim Holtz. Mannen min vart veldig nøgd med boksa si.
Kort o Mania har ei utfordring som passar til denne boksa - eg hiv meg på.
Anonyme Scrappere har 'Bretteteknikk', så eg tek del der og. Dei har forresten fått nye DTsom har ein RAK - det er berre å finne sida til Anonyme Scrappere.
Den siste utfordringa eg er med på er Moving along with the times. Dei ynskjer eit prosjekt for ein mann - då passar vel dette?

torsdag 3. mars 2011

Barnevogn


I bloggen til Camilla såg eg slik fin vogn. Sidan eg nettopp er blitt 'gamletante' til nydelege Emily, ville eg prøve å lage ei slik. Eg brukte malen som det var lenkje til på sida til Camilla. Vogna var kjempekjekk å lage. Eg klipte ut kartong til fleire vogner - her skal det bli produksjon. Eg har allereie fått bestilling på ei.
 Her har eg fylt den med blomster inntil eg har funne noko anna som kan gjere den fin inni også.
Sommarfuglen er Karen Marie klip.

Eg tek del på desseutfordringane:
Cupcake - Anything but square
Creative Inspirations - Templates
Papertake Weekly - Anything goes
Scrap creations - Kids

onsdag 2. mars 2011

Eit gløymt kort

Sjølv om våren såvidt har kome, dristar eg meg til med eit sommarinspirert kort. Eg ser fram til jodbær og korte armar. Papira er frå Tim Holtz - synest dei er kjempefine. Sangen i bakgrunnen er frå ei gammal sangbok.

Kortet var til systera mi - ho har allereie fått det. Ute av øye - ute av sinn, heilt til eg rydda opp i bileta på dataen min.
Eg tek del i desse utfordringane:
Stamp something - Flowers
Sketchy colors - rosa og beige
 Magnolia down under - Flower power
Corrosive Challange - Distressing
ABC - pink

Vinterferie

Denne veka er det vinterferie på Sunnmøre - vi kosar oss med kortlaging og ski-VM. Kjekt begge deler.

Carizma cardz har utfordringa 'Black, white and one other colour' og Moving along with times 'Fashion'. Eg hiv meg med på begge.