søndag 22. juli 2012

Litt av kvart av gamle kort



Eg har i grunnen laga ganske mange kort, har berre ikkje vore så flink å publisere. Derfor kjem det nokre på rappen her. Dette kortet laga eg på bestilling. Synest papira er så fine, dei er blant mine favorittar. Dei kjem faktisk frå Nille. Har kjøpt ein del ark derifrå. Dei har og ein del fint pynt.




Trifold-kort er kjekke å lage og dei gjer mykje av seg. Har laga flest til gutar, men også nokre til jenter. Dei blei faktisk veldig fine. Har ikkje fått lasta dei ned enno. 




Her er ein fin gåveide - telysbokser. Kjekt som ei lita veninnegåve.
Veldig enkelt pynta, men la gå!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar