mandag 25. juli 2011

Vi har fått ein Kompis

Ein fin, liten, brun ein. Typen er rosettmarsvin og han (eller ho;-)) er kjempesøt. Det var bursdagsgåva til jenta i huset. Ho ynskte seg laptop, marsvin eller geit! Vi vurderte alle tre forslaga og enda med marsvinet.





Kompis likar veldig godt jordbær og vannmelon, så han passar perfekt inn i familien.

Det å ha eit dyr inneber mykje ansvar for eigaren. Sofie har ikkje vore like begeistra når ho må plukke opp bæsj eller tiss, men det og høyrer med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar