fredag 29. juli 2011

Ny sekk til sommarturen


Sjå flotte sekken som fadderguten min  fekk med seg på sommarferie. Det er Nille som har nokre flotte skulesekkar, som også kan brukast til feriesekk. Fadderguten min skal ikkje ta til på skule før til neste haust, men eg tenkte denne var super for han no også. 
Flott at den har regntrekk - trur vi treng det heile året.


Sidan han er ein ekte fotballgut, passa sjølvsagt motivet perfekt. Og kanskje det beste - prisen ... under 200 kr! Slå den.


Det blir kjekt å høyre korleis han synest gåva var. Kanskje må vi på Nille å kjøpe anna skuleutstyr slik at vi kan leike skule eit års tid? ;-) Dei har i allefall mykje fint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar