søndag 24. juli 2011

Berre trist


Det som har skjedd i Oslo og på Utøya er så ufatteleg trist. Så mange unge menneske som måtte oppleve ei slik frykt.Sjølv om eg ikkje er direkte berørt, er vi alle berørte. Tankar og bilete dukkar ofte opp -korleis kan det då vere for dei som opplevde det?
Eg tenkjer på dei som ikkje fekk heim sin kjære og på dei som no har tunge dagar føre seg. Eg håpar dei kan få all den hjelp dei har behov for.

Mørke kan ikke drive ut mørke,
bare lys kan gjøre det.

Hat kan ikke drive ut hat,
bare kjærlighet kan gjøre det.

~Martin Luther King jr~

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar