søndag 19. juni 2011

Lilla i massevis


Eg har laga to kort av samme skisse. Dei vart sjølvsagt noko like då eg brukte lilla kartong og dei fine papira 'grace' av Gudrun Loennecken på begge. Likevel vart dei no ulike også. Var i grunnen kjekt å lage parallellkort. Skal publisere det andre kortet i morgon.



Eg deltek på desse utfordringane:
Scarp creation: Anything goes
Delightful sketches: Anything goes

fredag 17. juni 2011

Sketchy Colors skisse

Denne gangen har eg laga eit kort ut i frå ei skisse. Det er ei god stund sidan eg gjorde dette sist. Det var kjekt, men eg kjenner også at ein blir litt butten av slike skisser og resultatet blir ikkje alletider slik ein hadde tenkt.
Dette kortet vart vel søtt etter min smak, men slik vart det no.



Elles let sommaren vente på seg. Fin unnskyldning for å sitje inne å lage kort;-)


Eg deltek i desse utfordringane:
Sketchy colors: skisse
Scrappekammeret: 2 forskjellige band / blonder
Bearly Mine: Anything goes
Carisma cardz: pink, green

mandag 13. juni 2011

Bryllaup

Bryllaupskort er kjekke å lage. Det å kunne lage noko ekstra flott til ein å spesiell dag er fint. Dette kortet skulle sendast sørover, håpar dei vart nøgde.
Desse mønsterpapira er blant mine favorittar. Dei kjem frå ei blokk som heiter 'Ella Blue' - nydelege. Det søte motivet er LOTV.



I dag har det vore veldig fint vér her på Sunnmøre - endeleg ein dag med sol. Det gjer godt å få vere ute og kjenne kroppen syge til seg energi.

Eg tek del i desse utfordringane:
LOTV: Anything goes
Stamp something: Something punshed
Pink Gem: Flowers & charms

søndag 12. juni 2011

Konfirmasjonskort

Her er eit konfirmasjonskort til ein gut. Eg likar faktisk å lage kort til gutar / menn, men er litt usikker når det kjem til pynting. Synest oftast at 'less is more'.


Her har eg nytta eit gammalt stempel frå 'Pink Gem Design'. Synest dette er eit fint stempel på herrekort.


Inni har eg laga til så ein kan legge pengar eller ein tag.

Eg deltek på desse utfordringane:

Oldie but a goodie: Lots of layers + old stamp
Papertake Weekly: Anything goes
Secret crafter: A male card

Litt kort, eller?

Tenkte det var på tide med litt aktivitet her - er greitt når eg skal sjå tilbake på blogglivet mitt:-)
Eg har laga ein del kort som eg ikkje har publisert enno. Satsar friskt no. Ute er det grått og trist, fin fint vèr til å blogge litt.


 Dette kortet laga eg til fadderguten min, Alexander. Eg har laga fleire av denne typen kort - synest det er kjekt og det går relativt kjapt.



Eg tek del i desse utfordringane:
Scrap-Creations: Birthday
Kortgleder: 5
Nordsalten-hobbyklubb: Barnebursdag

No skal eg sette meg ned å gjere ferdig to kort til to flotte kollegaer som skal gå av med pensjon.
Ynskjer alle ei fortsatt god pinsehelg.