lørdag 7. mai 2011

På heimtur

 Når ein har det kjekt, går tida fort. Det har det gjort denne gangen også. Vi har fått vore med på og sett så mykje. Fulle av inntrykk skal vi reise heim i takksemd for det vi har fått vere med på. Vertskapet har vore fantastisk og tatt oss med til plassar vi ikkje naturleg ville oppsøkt.
 Måndagen starta tidleg - litt over kl. 05 reiste vi frå Busan. 
Terje hadde bestilt bilett til Seoul for oss, så det var berre å sjekke inn. Heldigvis kunne vi sjekke inn bagasjen heilt til Oslo.
Frå Busan til Seoul reiste vi med Korean Air.


Igjen var det eit fullt fly på den lange turen mellom to verdsdelar. 
Flyturen gjekk fint. Då vi tok av frå Seoul, var retninga sør. Noko merkeleg sidan vi skulle nordover. Kanskje det har noko med at Seoul ikkje er så langt vekk frå grensa til Nord-Korea og at ein ikkje vil ta nokon sjangsar? Turen tok vel 9 timar.Tida gjekk med til å lese, løyse kryssord og prøve å sove litt. Det er og filmar ein kan sjå på, men det var veldig vanskeleg å høyre så det droppa eg fort.


På mesteparten av turen var det overskya, så eg fekk ikkje sett så mykje. På skjermen i stolryggen foran kunne vi fylje ruta til flyet. Det overraska meg at vi flaug så langt mot nord, faktisk heilt opp mot Nordishavet.


Her er vi komne til Helsinki. Det feira vi med ein lien Cava og sandwich. God kaffi hadde dei også.
Det er godt vi ser blide ut her, for vi skulle få eit anna uttrykk etter kvart...


Vi viste at tida ville bli knapp då vi kom til Oslo. Dette skuldast at Finnair hadde endra flytidene sine, slik at vi måtte vente 2 timar lengre i Helsinki enn berekna. Vi viste dermed at det skulle holde hardt å rekke flyet til Vigra, men vi var gira på å prøve. Anita ordna med Cecilie at ho kunne kome på Gardermoen å møte oss. Planen var då at ho kunne ta i mot bagasjen vår og sende den med nattbussen. Då kunne vi klare å nå flyet. MEN flyet frå Helsinki vart seine. Fyrst var det overbooka og når vi endeleg kom oss på rullebana, oppdaga dei at vi mangla ein passasjer og måtte dermed ta av bagasjen til denne person. På toppen vart det bestemt at det skulle takast ekstra sikkerheitssjekk! Jaja. Vi trudde no fortsatt at vi hadde ein sjangs. 
Så då vi kom til Oslo var vi kjapt ute og klare til å hente bagasje. Trur du det var så enkelt? No startar sytinga:
Bagasjen lot vente på seg - minst 20 minutt. Då fekk vi beskjed om at den kom på eit anna band. Vi fekk tak i koffertane våre, vel Anita og eg. Bente sin let vente på seg. Då innsåg vi at vi ikkje rakk flyet. 
Dermed var det berre å kjøpe seg ny flybilett - over dobbelt så dyr som den opprinnelege. Vi valte det selskapet som hadde fly fyrst. Norwegian var dessutan billegare. Då var det å sjekke inn koffertane. På dette tidspunktet var vi slitne, trøytte og litt leide. Kva måtte då dukke opp? Jau, kva med 3 kg overlast? På dei andre flygingane var grensa 23 kg, men på denne flyginga var det 20 kg. Heldigvis passa dama i innsjekkingsskranken på at eg hadde for mykje og at ho var profesjonell nok til å ikkje oversjå at foran henne stod ei som hadde reist lang og lengre enn langt og eigentleg berre ville heimatt og som drog kortet og betalte 195 kr utan vilje til å diskutere (eg følte meg like dårleg som denne setninga). Eg har fått ein teori om at ein mann ville ha vore meir medmenneskleg, men har ikkje tenkt å prøve det ut på ei stund.
Vel, vel. Vi var nesten heime. Flyet skulle gå snart og vi gjekk mot utgangen. Andre skulle tilbake i militæret og kom med fly frå Hovden. Vi fekk prate litt med han før han for avgarde.
Klokka vart 21 og intet Norwegian -fly var i sikte. Ny beskjed at kl. 22 skulle det gå eit fly:-( Flyet til SAS gjekk og vi sat der å venta. Ein ting er det å kome seg til Vigra, men vi skal no vidare og. Vi innsåg at vi ikkje rakk siste hurtigbåt og dermed måtte PM kome til Vigra å hente oss. 
Kl. 22.30 klarte dei å finne eit fly til oss og vi kom oss trygt til Vigra. 
Etter å ha vore over eit døgn på reise var det kjempegodt å kome heimatt og få legge seg.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar