onsdag 20. april 2011

Markedsdag

I dag var det den store markedsdagen. Fyrst køyrde vi til Jin-markedet i eit område som heiter Seomyeon. 


Der finn ein det store tøymarkedet. Det var ulike stoff og klesplagg i alle variantar, overalt ein kunne sjå.


Godt i blanda med dette fann ein boder med kims krams. Noko som har imponert oss er all den flotte plastikkmaten dei har. Her får ein eit godt inntrykk av kva ein bestiller. Eg tullar ikkje.


Tørka fisk er ein naturleg del av eit marked.


Skal det vere sko eller fisk?



Det er og ei stor avdeling for hambok.


Fantastisk fine drakter.



Anita fann prinsessekjole til vesleprinsessa si. Blir nok ei nøgd jente på Dal.


Bente då! Kva er det du gjer?? Prøvar dongeribukse midt i butikken, vel. Heilt naturleg det.


Marit har fått seg sydd ein nydeleg kjole av silkestoff. 
Syerska var ei bestemt dame, men det var veldig fint arbeid.




Tid for lunsj. Det inntok vi på ein koreansk cafe like ved Piff-square. Alle spiste innbakt svin med salat, ris, kamshi og ei suppe. Maten var veldig god, men suppa vart ingen favoritt.


Vi måtte og prøve litt gatemat. Anita kjøpte ei ei kake som dei fylte med div. frø og sukker / kanel. Godt spisande for oss godterauer.


 Etterpå var det tid for eit nytt marked - Gukje marked. Der hadde dei masse ditt og datt. Fekk kjøpt nokre smågåver som dei heime skal få.
Så skulle vi og ta ein tur innom fiskemarkedet som også ligg i Jung-gu området. Her ser de inngangen til fiskemarkedet.


Her finn ein alt mogeleg av sjømat. Eg var redd det skulle stanke der, men det lukta berre fisk. Fekk dermed puste gjennom nasa også.



Nei, det er ikkje det du trur. Det er sjøpølser.



Blekksprut.




Ål er veldig populært og ein finn mange tankar stappa med ål.
Det har eg ikkje lyst å spise, men eg kjøpte faktisk ei lommebok av åleskinn! Skinnet var veldig mjukt og deileg.


I samme område ligg også Busan Tower. Dette er 120 meter høgt og ein får eit imponerande oversyn over heile byen. Fyrst her såg eg kor stor byen er. Det bur omtrent 4 mill. menneske i Busan og ein treng ein del høghus til det. 




Det store huset i midten Jagalchi markedet , fiskemarkedet. 


Busan er den største kontainer hamna i Korea og den 7.største i verda. Utanfor byen ligg det støtt mange store skip klare til frakt.




På tøymarkedet var det og mange boder der dei sel knappar. For ein kortlagar var dette eldorado.


Endo meir eldorado vart det når eg kom til silkebanda. Kjempefine og veldig billeg. I tillegg var Marit snill og ga med nokre av hennar band.


Då vi kom tilbake etter 8 timar med utflukt, var det tid til spa. I bygget her har dei eiga 'do it yourself' spa. Her får du desverre ikkje bilete, då vi var ikledd Eva's drakt;-) 
Fyrst skrubba vi heile kroppen og dusja. Deretter la vi oss i eit godt og varmt boblebad. Det var og eit kaldare basseng (ca. 20 grader) og eit varmt basseng (ca 42 grader). Det var veldig godt å prøve alle tre. Dei har og badestue og eit steamrom, men det fekk vi ikkje tid til å prøve. Vi skulle nemleg ut for å ete middag.

Vi for til New Town for å spise shabu-shabu(hot pot). Det var fantastisk godt. Det er ei suppe med litt grønsaker og krydder i. Vi får tynne skiver med kjøt som vi har opp i suppa. Det vert kokt så fort så det. Suppa var hot, hot, hot. Vi svetta like mykje her som i det varme badet.




  New Town.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar