søndag 16. oktober 2011

Metallkort


Har sett på nokre bloggar nokre stilege metallkort - dette måtte eg prøve. Sidan Steve hadde bursdag denne veka, passa det godt å lage eit til han.
På Biltema fekk eg tak i metalltape og sånn strierull. Deretter gjekk eg i gong. Eg fekk god hjelp på bloggane til Marianne, Wenche og Tesa Tipsar.

Eg starta med å lime dei tinga eg ville på ha på kortet.



  Deretter limte eg over metalltape, trykte det ned mellom tinga og for deretter over med ein skrubb for å rufse det litt opp. 




 Så malte eg over heile kortet med svart akryltape og tørka av det overskytande med kjøkkenpapir. Synest det vart veldig tøft.




 Inn i kortet stempla eg med Tim Holtz-stempel.







Eg tek del i desse utfordringane:
StampARTic: Artsy and steampunky

lørdag 8. oktober 2011

Konfirmasjonskort

Det er ikkje tid for konfirmasjon her på Sunnmøre i oktober, men sidan eg ryddar i bileta mine, finn eg litt av kvart. Dette vart gitt til ei sprek jente som stod konfirmant. Synest det er kule fargar og passar til ei med energi.



Eg tek del i denne utfordringa: 
Bearly-Mine Challenges: 3 designpapers

A card for Ben

Dette er eit kort eg laga til ein kar som heiter Ben og bur i England. Fann det då eg dreiv å rydda i bileta mine.

Eit enkelt kort, men fargerikt og fotballsentrert. Bra mix for ein fotballglad gut.





Eg tek del i desse utfordringane:

fredag 7. oktober 2011

Nokre ting å vere glad for

I dag er siste dag av haustferien. Eg har vore på jobb dei fleste dagane, men i dag tok eg fri. Eg stod opp tidleg og starta å bake. Tenkte at i dag var dagen for å lage noko godt frå Morten Schakenda sine kokebøker. Eg sette bolledeig og sette i gong med 'venteprosjekt'. For ein ting er sikkert, ein lyt ha god tid om ein vil gjere det på Bakaren i Lom sitt vis.


Matthew hadde lyst på engelsk frukost i dag - han fekk ein light-versjon, men var veldig nøgd. Dette burde halde nokre timar. Kjekt å sjå han kosa seg med maten. Kanskje han øver seg til han skal på London-besøk?


På Sunnmøre er det perfekt innever - bøttevis med regn frå himmelen.


Eg har ikkje tenkt å starte som matbloggarane, med bilete for kvart steg i prosessen, men det er rart at dette..


..kan bli noko...

..så godt!
 Laga nokre store  - eit måltid i kvar bolle:-)



Hadde planar om å lage pizza til middag, men det vart snurrar. Greitt å ha i frysaren.


Eg kosar meg når eg bakar og det gjer meg glad. Det er og kjekt å servere fersk skulebolle til Steve som er ute og jobbar i regnveret.


I ei pause av Gøyme og leite fekk desse seg bolle. Amanda hadde laga kakao og då vart det konge å vere ute.


Elles har det faktisk gleda meg at eg fekk vaska golva og tørka strøv i dag. Blir ikkje til kvar helg det,nei.



Det får vere nok for ein dag. I morgon får eg finne på andre ting. 




For å balansere alt dette gode:
1 ting å ikkje vere glad for: Kypros - Danmark 1-4 (ikkje ferdig)

onsdag 5. oktober 2011

Sprek boks



Dei siste dagane har eg jobba med ei boks eg fekk bestilling på. Det skulle vere til ei sprek dame som likte fjell, fjøre og fine fargar! Ikkje den enklaste kombinasjonen for meg, eg har ikkje så mykje 'natur' blant scrappeytstyret mitt. Heldigvis betydde fine fargar lime og turkis - det hjalp litt på kreativiteten.


Eg håpar dama likar boksa, sjølv om ein ikkje finn verken fjell eller fjøre på den. Sommarfuglar derimot...


Kjenner eg givar rett, blir der eit kvart opp i boksa også:-)


Eg tek del i desse utfordringane:
Simon says stamp: Sparkle & Bling
Oldie but a goodie: Wings (Very old butterfly stamp)

mandag 3. oktober 2011

Bestillingskort


Eine tanteungen min bestilte eit bryllaupskort i sommar. Ho skulle i bryllaup til ei venninne. Eg viste at ho hadde blogg. så eg var innom der for å få nokre idear til fargar, stil o.l.
Det viste seg at invitasjonane var i lilla, så då var fargen klar. 


Ein liten detalj var at brudeparet hadde akkurat samme stempelet med sine initialar som eg har 'Handlaga av' stempel:-) Mitt er bestilt på Ebay. Synest det er kjempefint.


Inne i kortet er det enkelt - synest denne teksta er vakker.




Eg tek del i desse utfordringane:
Sukkersøtt: Dekorer alle 4 sidene
Corrosive challenges: Purple pasion + one more colour

I dag skal eg bli med Tjørvåg G 11 på Aafk-kamp. Gutta skal vere ballhentarar - bli nok stas.

søndag 2. oktober 2011

Gutakort


Her er eit kort som eg laga til ein gut. 
Av ein eller annan grunn synest eg denne korttypen passar godt til gutar.


Tøft å pynte med 50-øringar!


Litt godis må ein også ha..

No har eg haustferie og då håpar eg både å få lage litt kort og å blogge. Dei siste månadane har eg knapt besøkt ein blogg - det må vi få ei endring på:-)

Eg deltek på denne utfordringa med dette kortet:
Oldie but a goodie: One for the boys (hovudstempelet kvalifiserer).
(My main stamp, cool boy, is older than 6 months).

lørdag 1. oktober 2011

After 8, både før og etter


 Eg har laga mange slike boksar i det siste. Har i tillegg 3 på bestilling. Men dei er no kjekke å lage. Kanskje eg må ha meg nokre nye tekststempel - blir litt lei av dei samme tekstene. Får kike litt rundt.


Med dei nydelege papira frå Pion design er mykje av pyntinga gjort. Har hatt på litt perler og div,. men 'less is more' i mine auge.





Eg har bestilt stilige personlege stempel på Ebay. Det er ein seljar i Malaysia som heiter loongchai. Ca. 30 kr pr stempel og det er mange å velje mellom. Rask levering er det også. Supernøgd!


Systå mi bestilte ei boks, men ho ville ha den til te. Her er den.
















Ynskjer alle ein fin laurdagskveld!

Eg tek del i desse utfordringane:
Crafts 4 etrenity: Anything goes
Simon says stamp: Anything goes